Bykle, Valle og Hylestad > Kyrkjelege handlingar > Vigsel


Vigsel


Alle er velkomne til å gifte seg i våre fem kyrkjer.

I ein kyrkjeleg vigsel er det rom for de og dykkar kjærleik for kvarandre. I eit vakkert kyrkjerom, med musikk og tekster som rører gjev de løfte om å elske og ære kvarandre.

De kan velje bryllaup med storslått fest og mange gjestar, eller eit minimalistisk bryllaup i joggesko, med berre forlovarar og prest til stades. Bryllaup er ei stor feiring av kjærleiken - uansett.